mandag 1. oktober 2012

Framgong på barneheimen + BBQ og sko

Mandag forrige veke hadde vi vårt første møte mellom alle frivillige, studenta og ansatte på barneheimen. vi hadde avtalt før helga at ditte møtet skulle ta plass den mandagen klokka 14.00, og at vi skulle fortsette med disse møta kvar mandag framover. Når klokka blei 2 og vi kom tuslande inn på tunet va en av våre medarbeidara på vei ut døra. Vi minte ho på møtet, og informerte ho om at klokka va to, og fekk til svar at det va ho klar over, ho skulle berre en tur inn til byen først..... Ho e definisjonen på begrepet "African time" ;) Men det e sånt en må venne sej til når en flytta longt vekk til en heilt ny kultur. Når vi kjem inn til kontoret for å bestemme oss for kor vi skal ha møtet (sia kontoret e aaalt for lite), så finn vi ut at sjefen på huset he tatt turen til Kisumu (2 tima unna). Det vise sej at han hadde et møte der som vi hadde glømt av når vi planla å møtast den mandagen, men det e generelt ikkje uvanlig at folk ikkje møte opp når det e avtalt, eller møte opp i det heile tatt :p Du kan derfor tenke dej kor forbløffa vi blei når 2/3 ansatte på barneheimen møtte FØR tida i dag, og den tredje møtte berre 5-10 minutt for seint! Det vil ej kalle framgong ;)

På møtet i dag fikk vi planlagt litt ka som skal skje framover, og fikk snakka litt om ungane og ka vi kan gjere for å hjelpe dei på noken som helst slags måte. Vi avtalte at vi skal prøve å få en lege til å komme hit å ta HIV-test på alle ungane, samt fjerne lus, hudsopp og orm hos dei ungane som he det. Om ei veke eller to eller tre (african time) so ska det komme 20 nye unga, so då må vi også få legen til å komme igjen for å gjere samme greia med dei :) Vi fant også ut at vi skal ha seksualundervisning med ungane, sia dei ikkje veit noke som helst om omskjæring og kjønnsjukdomma, og sia dei fleste skulane gir ut totalt feil informasjon. Det skjer ting med andre ord, og vi he monge spennande prosjekt i vente :)

I helga hadde vi BBQ-kveld med dei frivillige, det va veldig koselig :) Vi laga burgera (NAM) og smores (NAM). Dei he stor balkong so vi satt der ute heile kvelden, kjempefint! Sku ønske vi hadde et uteområde her også...

I går hadde vi musikkdag med ungane, vi laga instrument av gamle dopapir rulla, vaskebøtter og tomflaske :) Va heilt fantastisk å sjå kor kjekt ungane hadde det, skal prøve å få ut film av det etterkvart, på heimesida iallefall :) Dei endte opp me å finne en beat som alle spelte ilag, så song og dansa jentene :)

Et heilt anna tema: Ej kjøpte mej nye sko i dag :D Der e en skobutikk inne i den dagligvarebutikken vi bruka å handle i, og i dag va vi inn for fyrste gong :p ej fann mej et par kjempesøte tøysko, og dei hadde dei i min størrelse! Ej måtte tilåme gå ned en størrelse frå den fyrste skoen ej prøvde :p Ditte e ganske stort for mej som e vant til å måtte handle på gutteavdelinga, eller presse mej nedi største skoen på dameavdelinga :p Når ej i tillegg rekna ut ka skoa egentlig kosta blei ej vertfall gira! Ej betalte 399 KSH, altso 26kr :p

Føle ej då også må legge til bilde av dei "skoa" ej kjøpte fyrste veka, dei kosta 100KSH (7kr). Dei e laga av bildekk og e å finne på markedet :)


Smores under konstruksjon :)

En ferdig smore<3 Kjeks, smelta sjokolade og grilla marsmellow :D

 Gjengen :) Eller dela av den iallefall :p

 Tord og Ryan, og utsikta :)



Kjekkingane<3

Tromme :)

Kaisa på gitar :)

 Sylvester på bongo-tromme :)

Mine vakre nye sko til 26kr <3

Mine vakre "dekk-sko" :p Ej bruka disse spesielt når ej he solskille av dei andre sandalane :p


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar